Sunnmøres mest attraktive fjordhytter har visning søndag 18. juni kl. 13:00.
Program
- Opning ved ordførar Bernt Brandal
- Presentasjon av prosjektet ved prosjektleiarar Ole Henning Fredriksen og Jostein Storøy
- Omvisning
Servering av kaffi og vafler og sveler.
Visning søndag 18. juni
Norwegian Fjords Holiday inviterer alle interesserte til visning søndag 18.juni i Almestranda. Med si sørvendte plassering og milde klima, er Almestranda ein ideell stad for eit aktivt friluftsliv året rundt.
Fjellvandring, fiske, havkajakk, båtturar til Noregs vakraste fjordar (bl.a Hjørundfjorden). Og turar til regionens flotte natur og attraksjonar er berre nokre av dei mange aktivitetane som er tilgjengeleg frå Almestranda.