Både Sunnmørsposten, Vikebladet og Nrk.no skriv om fjordhyttene ved Almestranda.
I Sunnmørsposten er overordet: Planlegg stor utbygging av hytter ved fjorden. Vidare i ingressen skriv dei: Dei første fjordhyttene kan stå klar i Almestranda i Hareid neste år. Her blir det også planlagt aktivitetsbasert turisme, hotell og restaurant i seinare byggetrinn.
I Vikebladet er det intervju med meglar Tommy Sylte i Legal Eigedomsmegling. Han uttaler at mange er interessert i stort hytteprosjekt.
Les artikkelen i smp.no (abonnement).
Les artikkelen i vikebladet.no (abonnement).
Fjordhyttene – Å selje ein draum
Den røynde eigedomsmeklaren Tommy Sylte i Legal Eigedomsmekling AS uttalar til Vikebladet: – Det blir som å selje ein draum, dette. Det er det største prosjektet, i talet på einingar, eg har vore borti som eigedomsmeklar. Men det blir som å selje andre planlagde bygg, du skal selje noko som ikkje er bygt enno, seier han.
Det er mange som har meldt si interesse for fjordhyttene i Almestranda. I Almestranda er det varmt og lunt sommarstid og nært til sjø og fjell heile året.
– For tre år sidan kjende eg ikkje til Almestranda, men dette er eit flott område som definitivt har potensial som reiselivsdestinasjon, seier Ole-Henning Fredriksen til Sunnmørsposten som er styreleiar i Norwegian Fjords Holiday AS.