Eigedomane det skal byggast på ligg nesten heilt i enden av blindveg langs Almestranda. Flat og fin kommunal tilkomstveg. Nydelig beliggande i naturskjønne omgivelsar med umiddelbar nærheit til sjøen og fint turterreng like ovanfor.
Hareid-ordførar Bernt Brandal plantar alm som symbol for salstart av Sunnmøres mest attraktive fjordhytter.
Vellukka visningsdag
Søndag 18. juni blei gjennomført ein vellukka visningsdag av fjordhyttene ved Almestranda. Om lag 25–30 personar hadde møtt fram. Tilstades var bl.a Hareid kommune ved ordførar Bernt Brandal, prosjektleiar Julie Sundgot Andersen i Hareid Vekst, pressa ved Vikebladet og fleire interesserte.
Prosjektet ligg ute på Finn.no: Planlagt oppføring av hytter, båthavn, m.m. i spektakulere omgjevnadar. Vidare står det i annonsen: Velkommen til det unike prosjektet Almestranda Fjordhytter. Her skal det byggast eit nytt miljø med hytter, småbåthavn, feriesenter, aktivitetssenter med bla. tilrettelagt båtliv.
Fjordhyttene ligg vakkert til ved Almestranda, sørvendt og lunt plassert ved den mektige Vartdalsfjorden. Her kan du kvile augene på noko av det finaste Noreg har å by på av fjord og fjell
Hjørundfjorden i Sunnmøre med sin spektakulære natur er ei perle for utandørs-interesserte.
Opplev Sunnmøre
Like utanfor hyttedøra står opplevingane i kø. I ein omkrins av to timar har du tilgang til noko av det finaste Noreg har å by på av av fjell og fjordar og unike opplevingar.